onsdag 15. juli 2015

Dagen er avlyst

Eller håper ikkje din dag er avlyst- håper du nyter ein herlig sommerdag:-)

Men tidligere i vinter var minstesnuppa mi sin dag avlyst. Det er ikkje ofte det er sjukdom her i huset, så det føles heilt merkelig med ei lita jente, som vanligvis er høgt og lavt, som berre vil ligga på sofaen. Men søt er ho uansett og eg syns det er viktig å scrappe både kjekke og mindre kjekke minner.



Denne layouten er veldig enkelt laga. Eg brukte ein stensil som er 30 x 30 og snow paint til å skape struktur i bakgrunnen. Så tok eg litt distress ink på eit bakepapir, spraya vatn på og slapp dråpane på arket. 

Pynten er enkel med hjerter stansa ut av restepapir, ein button og tekst. Ville ha ei rolig side for å holde på roen i bilde..


Produkter: 
Ark:
Marias verden: PD14910 Drømmebryllup, PD14909 Hjerter
Button
Hvite alfabetklistermerker PD 14930

Ønsker alle ein fin sommerdag vidare:-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar